16.05.16 13:37, Linnea
Stikkord: Forum
Hei på de!

Og unnskyld på forhand viss eg er til bry med mitt spørsmål, som nemleg ikkje har noko å gjere med sjølve språket men heller med korleis forumet fungerer. Eg lurer på om det er mogeleg å svara på eit innlegg frå januar 2016. Mestermann kom opp med eit interessant tema - kvifor éin skriv "Vögelein" istedenfor "Vögellein", og eg vil gjerne kommentere dette.

Hjarteleg helsing! :)

16.05.16 18:13, Mestermann no
Kom igjen!

16.05.16 19:30, Mestermann no
Men du må nok gjenoppta temaet her og nå, for gamle innlegg er sperret for flere svar.

19.05.16 21:01, Linnea de
Hei Mestermann!
(Har ikke vore pålogga i nokre dagar.)

Viss eg skjønte deg rett, så trudde du at Vögel+lein måtte bli Vögellein, ikke sant? Men saka er desverre litt meir komplisert.

La oss ta ein titt på korleis éin dannar diminutiv på tysk (nokre eksempel her):
Katze -> Kätzlein
Hose -> Höslein
Blume -> Blümlein eller Blümelein
Kuchen -> Küchlein
Hund -> Hündchen

På gammalt-tysk vil éin òg finne "fuge-e", til døme kan det seiast "Blümelein". I dag, derimot, vil du knapt finne nokon som seier det.

Kva betyr dette for oss?
1. Når éin brukar diminutiv, endrar vokalet seg, det blir til ein omlyd.
2. Du dannar diminutiv ved å kombinere ordstammen med "lein" eller "chen". (Vokalet som eit ord sluttar med, forsvinn altså: KuchEN -> Küch_lein.)
3. Av og til vil du finne eit "fuge-e". Det er gammalt eller svært høgspråkeleg.

Så, tilbake til den lille fuglen vår, sjå reglane over:
1. Omlyd: Vogel -> Vögel
2. Stammen: Vög + lein = Vöglein
3. Gammalt: VögElein

Sjølvsagt kan òg fleirtalsord brukast i diminutiv (små kaker, små hundar etc.). Men på tysk er det det same, om eintal eller fleirtal. Så Vög(e)lein meiner både ein liten fugl og fleire små fuglar.

Det er lett å tenkje på Vögellein som "Vögel" (altså fleire) + "lein" = VÖGELLEIN.
Men riktig er "Vög" + ("e") + "lein" = VÖGELEIN.

Helsing!
Linnea

20.05.16 00:14, Mestermann no
Takk, Linnea, det var både interessant og opplysende. Jeg skal merke meg forklaringen; flott at du tok deg tid!
Hilsen M.